Me har no budd i huset vårt i litt over eit år. Då mamma var på visning, overhøyrde ho meklaren som sa at "dersom det hadde vore litt mindre rosa her, hadde taksten vore på 100.000 meir." Ja litt rosa var det, og allereie før me flytta inn, var eit soverom gått frå lys rosa, til grå/blått. Siden me brukte sommaren på å fornye vindfanget (som ikkje var rosa, men pastell grønt) har badet, vinduskarmane, ytterdører og verandarekkverk fått stått i fred. Men i helga fekk mamma ein overdose virketrang og badet stod for tur.
Pappa fekk den tvilsomme jobben med å få dusjkabinettet ut frå veggen, og etter litt demontering og plundring var løysninga enkelt, det var berre å dra det fram. No har badet gått frå rosa og gult til kvit og krem. Så no venter me berre på rørleggaren som skal komme å fikse den tette sluken vår, så kan me nyte det nye badet. Gulvet forblir rosa, det er det ingen ting å gjere med.

No manglar berre eit strøk
Me fekk tid til litt til i helga. Lørdag var det strålande vær og me reiste på Ørskogfjellet, med ski, pulk og boller. Ingrid er blitt ein reser på ski og kava seg opp alle bakkane på eigahand, mens Einar synes pulken er best. Det aller kjekkaste for Ingrid var å renne ned igjen med pappa,
superfort.


