søndag, oktober 29, 2006

Hurra for mamma som blir gammel



I dag vart mamma 24 år. Ingrid feira dagen og klokkestilllinga med å små sove og sutre. Da gjestene kom vart alt mykje bedre, også var det så kjekt å leke med papiret. Mamma syntes det var koslig med besøk.

fredag, oktober 27, 2006

og ein til..

Da er me akkurat ferdig med første tann, og neste er på veg opp med det lydnivået det medbringer. Ingrid er ikkje glad.

mandag, oktober 23, 2006

Det blir ikke hull i en tann

Iallefall ikkje på ei stund, og Ingrid er god venn med tannbørsten.
Ho er ikkje så god venn med tanna, den er vond særlig om natta. Mamma og pappa bytter på å trøste og smøre på dentonox.

søndag, oktober 22, 2006

Takk og farvell til brystskjold


Da har det gått ei veke og vell så det siden Ingrid plutsleg fann ut at puppen var best bar. I kveld har mamma rydda og hivd dei fleste brystskjolda. Me hadde aldri klart oss uten, men er glade me no slepp styret. Spesielt det å huske dei.

fredag, oktober 20, 2006

Bestemorveke


Denna veka har mamma og pappa hatt det så travelt at bestemor måtte komme å passe på Ingrid. Dei har gått mykje trilletur, opp til mamma for å amme og rundt i byen for å handle. Ingrid har vore veldog fornøyd, og me tr at bestemor har kosa seg og.

Pappa har vore i praksis og han har iallefall hatt det kjekt. Mamma har hatt prosjektarbeid og er glad det er over no, og takker for godt sammarbeid!

søndag, oktober 15, 2006

Ferie

Ingrid og mamma har vore på ein liten høstferie til Leikanger. Siden det berre var jentene fekk mamma sove på sitt gamle rom. Det var kjekt sjølv om det er ganske tomt.



Besteforeldra har kosa med å ha Ingrid på besøk, mamma har slappa av. Måtte ta med eit utsiktsbilde frå rommet mitt.

søndag, oktober 08, 2006

Søndag morgen


Klokka tikker mot 9 og Ingrid og mamma har vore oppe i to timer alt. Ingrid er ein morrafugl. Pappa sover ennå, og har vist ikkje tenkt å stå opp på ei stund. Høsten prøver å få taket på Bergen, men fortsatt er det meste grønt rundt oss. Men det begynner å bli kaldt.
Eg blir aldri lei av å ta bilde av utsikten vår, her er eit frå i dag tidleg.

onsdag, oktober 04, 2006

veiet og målt


I dag var Ingrid og mamma på helsestasjonen, først skulle legen se kor fin jente Ingrid var og han var fornøyd. Så var det veging og måling med helsesøster. Ingrid er no 66,5 cm lang og 7210g, ho er veldig gjenomsnittleg og ligg midt i kurva. Helsesøster var og fornøyd, Ingrid var glad for at det ikkje var noen vaksiner og vist sin sist kunst, ho snudde seg frå rygg til mage.

tirsdag, oktober 03, 2006

Eit halvt år


I går vart Ingrid eit halvt år, det var ikkje mykje feiring. Først var mamma på skulen så var pappa på skulen. Då pappa kom frå skulen reiste han til Trondheim, han kjem sikkert til å fortelle kva han har gjort der. Heime satt Ingrid og mamma, dei var begg i seng før 9 fordi mamma er forskjøla og berre vil sove. I dag har me vore på skulen, Ingrid smiler til alle og mamma prøver å gjere skulearbeid. Ho har begynt å tenke på om ho skal tippe over på magen, er vist ikkje heilt klar for det ennå.

søndag, oktober 01, 2006

Søndag kveld



Tusen takk for fine klær farmor!



I kveld har me middagsgjester og no spilles det setlers, det blir spennende å sjå kven som vinn. Ingrid og mamma slapper av på soverommet, men Ingrid er ikkje så interisert i å sove.

Nala synes at babyen er spennende, Ingrid synes Nala er kjekk så lenge ho ikkje er for nærgåande.