Advent er ventetid, men i år har me beynt ventinga litt før, for me venter ikkje berre på jesus barnet. Me venter på knerten, 5 veker igjen til termin, mamma er sjukemeld og prøver å slappe av og håper knerten held seg inne lengre enn storebroren. Me venter også på hantverkere, no har me gjort vårt så i neste veke begynner dei å gjere klar til støyping. Og Ingrid som husker frå i fjor venter på adventskalender og synes me kan henge den opp no, for då er det jo snart jul. Ein ting har me slutta å vente på, i midten av oktober fann solsikka vår ut at den skulle blomstre.

Bestefar har hatt studieveke på sunnmøre. Det har barnebarna kosa seg med, og svigersønnen har fått mykje god hjelp. Lørdag var heile dagen satt av til kjellerarbeid, 5 kubikk pukk skulle trillast inn og fordelast. Alle hjalp til. No er alt komprimert og flatt.