mandag, juli 01, 2013

Ein flott dag

To sykler på biltaket, sykkelvogn og sykkel i bagasjerommet: me er på veg til Sekken, sola skin frå blå himmel.  Endeleg skal me vere på Vedalshaugen i solskinn.  Me set bilen på Vestnes og tar resten av turen med sykkel. Tante Mette, onkel Tor og 7 værer tar imot oss.





Grilling ved naustet, sola forsvant etter kvart, men ungane bada likevel.


Siste ferge heim og ikkje i seng før halv 11, men for ein fin dag.