I dag var Ingrid og mamma på utflukt sammen med Samuel og Silje, heilt uti havet ligg Atlanterhavsparken med store tanker med fisk. Me kom akkurta i tide til å sjå at dei største vart mata. Ingrid og Samuel var veldig fasinetert og litt skeptisk då dykkaren kom heilt bort til dei, men han fekk til slutt eit handklask.
Kjekkast var nok det grunne karet, med livet frå fjøra, her var kreps, sjøstjerner, anemoner, kamskjell og ein stor hummer med tapa klør. Ungane vart litt våte, men det var kjekt å ta på dei forskjellige tinga. Ingrid prøvde også å smake på sjøstjerna, men da satte mamma foten ned. Til slutt våga me oss ut i vinden og tok ein rask kikk på pingvinane som låg å venta på mat.

