onsdag, august 31, 2011

Einar hilser på ein Lama





Vedalshaugen igjen!

Me har vore så heldige å få låne "hytta" til onkel og tante, det var nesten eit år siden me var der sist. Me tok med osss Julie, Jakob, Erik og Ingrid Kristin. Det var kjekt å vere tilbake. Sauene var blitt mange fleir og nokon av dei hadde utvikla gode utbrytereigenskaper, dei hadde oppdaga at graset er grønnare på den andre sida av gjerdet (og denne gongen stemte det). Først krøyp dei under gjerdet, og Arve kom og reparerte det, så fann dei ein anna veg på fjære sjø og til slutt gav me opp og dei fekk gå inn og ut som dei ville. Dei fleste var på innsida og då angrar utbrytaren til slutt.

Me hadde ein fin formiddag i Steinbukta og på Snagen. Jentene fekk kvar sin sei og etter fiskinga vanka det sveler.


Me fekk også spilt spill, laga god mat og fiska makrell ved fergekaia.

lørdag, august 20, 2011

ferie oppsumering


Noko har me alt skreve om, som korsvei og seiling. Det skjedde faktisk meir, me har hatt vår lengste ferietur siden me fekk barn, nesten 4 veker på farten. Det starta med regn og gjørme, så då mamma og pappa vart innvilga noen dager for seg sjølv reiste dei etter værmeldinga og tilboda til coop hotellkupp. Først hadde me eit godt bad og ei god natt i villa Hildal Lund, med godt selskap i polvott. Me reiste til Karlstad, ein flott by vi deltaet til elva Klara. Me fekk flotte dager, med kanalbåter, bytråkking og severdigheter i byen der Norge vart fritt. Det var rørande å sjå blosmter lys og minnemarkering for terroren ved frihetsstatua til minne om den fredelege oppløsinga av unionen.


På veg heim tok me strømstadferga og kom til Sandefjord seint på kvelden. Då var det berre å kjøyre mot Nevlunghavn og sjå om me kunne finne ungane og bestemor og bestefar. Trur dei også hadde hatt flotte dager. Så passa me hus og nøyt solkysten, bada, spiste is, besøkte slekt og venner, me kom oss også opp på Brunlanes høgaste topp.


Kråkevika venta, med seiling, bading, båtturer og late dager. Når opphaldet gjekk mot slutten hadde me fortsatt ei veke igjen av ferien, me satte nesa nordover, stod i diverse trafikk køer, besøkte Amadeus og hadde noen fine dager i Soknedal hos familien Fossum. Det var godt å komme heim, og Julie savna Ingrid og alle savna senga si, men me rakk også ein tur til Overøye og Vaksvikfjellet før ferien tok slutt.

fredag, august 05, 2011

stor jente

Ingrid oppdaga plutsleg at ho hadde to lause tenner, det var eit bevis på at ho var stor jente meinte ho. Den første tanna forsvann heilt av seg sjølv og havna i sanda i følge Ingrid, men tannfen viste om det å leverte penger i bytte. Den andre tanna plukka mamma løs ein morgen og me la den i eit eggeglas, neste morgen hadde den blitt til penger.



onsdag, august 03, 2011

Seiling

Sommer for papppa er å få ta fram Laseren og ha akkurat passe vind, nok til å komme framover men ikkje så mykje at det blir skumelt. Så kan han kose seg utpå lenge.

I år fekk Ingrid lov til å prøve og, ho syntes ho var kjekt.