torsdag, mars 29, 2012

Sjå me går opp til Jerusalem.....


Noen forbereder seg til påska med å faste, noen (les bestemor) går og går, her i huset er innspurten til påske prega av påskeaktiviteter og bursdagsavvikling. Til no i denna veka har me fått to dorullkyllinger, eit glitterpåskeegg og eit glitterbeger med karse i hus, ete påskefrokost i to barnehager og hatt eit pretty pink barneselskap med førskolegruppa til Ingrid. Dessverre ingen bilder av bursdagsbarnet, men det kjem fleire sjanser seinare. Me har derimot bilder av kyllingane som er blitt klekt ut i Einar sin barnehage.

mandag, mars 26, 2012

Aktiviteter!

Pappa jobber mykje i helgene for tida, men når han har fri prøver me å gjere noko kjekt! Sist helg var det nesten vår og me tok fram syklane og ungane sykla til leikeplassen. Sigrid Elise var ikkje så glad i vogna og fekk prøve seg på sitt første måltid ute.

Glad og mett jente!

Først kan me krangle om løpebana, så samarbeide litt om huska.

Denne helga var pappa på jobb heile lørdag, Bestefar var her og me tok ein tur på akvariet. Me fekk klappa piggskater, sett dykkaren mate dei store fiskane, fiska krabber også fekk me helse på Dagmar, ein liten pingvin fødd i romjula.

Ingrid er blitt ganske tøff, ikkje så lett å sjå, men dette er ei krabbe.

Søndag reiste me med familien Staff til Overøye, Einar er blitt god på å halde balansen på ski, men Ingrid og Julie synes det går altfor sakte. Dei flyr i veg i løypa og sett utfor bakkane , Einar får etter kvart henge bakpå pulken.

Jakob og Sigrid Elise hadde sovekupe.

Så var det middag på hytta, det var akkurat varmt nok til å ete ute.

Tilslutt stekte me vaflar, kosa oss, rydda hytta, pakka ski og vått tøy i bilen og køyrte heim i ein fantastisk solnedgang.

fredag, mars 16, 2012

Me har plukka hestehov!


Kva er kjekkare enn tre blide barn i senga ein søndagsmorgen?


Alle er glad i Sigrid Elise, Einar må ha mange koser.


På tysdagar og torsdagar er Einar heime. Då blir det tid til blant anna å mat endene....


... eller plukke hestehov.