mandag, april 23, 2007

Oppgåve

Ingrid har tatt med pappa på trilletur, så mamma skal få skrive ro...... men kor er skrivelysta? Trur eg har skrivevegring! Gode råd mottakast med takk!

torsdag, april 19, 2007

Forbrytelse og straff

Ingrid er litt for glad i ting ho ikkje har lov å ta. Mens mamma hang opp klesvask i ettermiddag to Ingrid tak i duken, med den fulgt eit glas, eit te-fat, ein talerken og ein tekopp. Alt gjekk i golvet og knuste. Mamma fanga opp Ingrid og ho var like heil.




Medan pappa rydda, støvsugde leker og såg etter glasbråt vart forbrytaren satt i arrest i stolen. Der måtte ho sitte å sjå på at mamma lagde pannekakerøre.

onsdag, april 18, 2007

6

I dag gjekk Ingrid 6 små skritt heilt aleine

mandag, april 16, 2007

VARMT!

Eg har ingen bildebevis, men i går 15 april åt me grillmiddag ute i hagen hjå Liv Inger. Me satt med bare tær og slappa av etter ein heller svett tur.

lørdag, april 14, 2007

Prøvesmaking


Ingrid fekk ei ny leike av onkel Magnus. Kanskje den smaker godt?

torsdag, april 12, 2007

Påsketur






I Påska har me feira fødselsdager Ingrid sin 1 års dag, Petter sinne 15 år og Oldefar sine 85 år.




Dette vart gjort på hurtigruta,Trollfjord på veg sydover. Noen av oss var med heilt til Trondheim.


Sjå Ingrid, me er i taket

søndag, april 08, 2007

Kristus er oppstanden!

- JA, han er sannelig oppstanden!



tirsdag, april 03, 2007

1 år



I går hadde Ingrid fødselsdag og bestefar kom frå Leikanger for å vere med å feire. Onkel Kjetil, Liv Inger, Jørgen og Thomas André var også med og det var kaker og pizza på menyen. Fødselsdagsbarnet storkoste seg med å smake på pizzaen og begge kakene.