Dagane går fort for tida, me merker at mamma jobber, men me har også tid til mykje kjekt. Dei dagane Ingrid og Einar er heime leiker dei oftast fint sammen, iallefall så lnge Einar finn seg i å bli sjefa over. For tida er det utkledning som er kjekkast, mamma sine gamle nattkjoler og skjørt blir til snille sjørøvere og nisseunger.
Då me heiv ut juletreet tok me oss ein sikkleg rundvask av huset. Ungane var godt fornøyd med å få vere med.
Onkel Audun og mamma sin gamle køyseng har fått eit nytt liv. Pappa måtte bygge ny stig og i går var først natt i to etarsjer. Ingen falt ned i løp av natta.
1 kommentar:
Køyseng er kult! Vell og merke ikkje så kult å dette ned fra den men det går seg vel til etter kvart! Stor klem til dere alle fra oss 4 i oslo!
Legg inn en kommentar