mandag, juni 24, 2013

Sigrid Elise












5 år! og 7 år!



Einar veks veldig for tida, buksene kryp oppover leggen.  5 år er eit viktig år, for då får ein invitere til barnebursdag.  Me hadde fødselsdag for Einar i kyrkjekjellaren med 15 unger frå barnehagen.  Veldig kjekt! I dag har fleire sagt at dei og vil ha selskap i kyrkja. 



Me har hadde og stor feiring for Einar og Julie Sankthansaften.  



 7 år. 


Einar fekk fleire deler til slusesystemet sitt av farmor, farfar, bestemor og bestefar.  Det måtte testast uansett vær. 

Dataoppgradering

Dataen har vore på spa, og blitt mykje raskare.  Men det har tatt litt tid, og no har me endeleg fått lagt inn bilder frå kamera. Her følger litt ymse.


Båra til Bestefar Thorleif.




Sommeraktiviteter



Klar for misjonsløp.


Huset har lenge blitt oversett i eksamenstida, så nok å gjere sjølv om det er sommerferie.