fredag, januar 23, 2009

Ein glad gutt!


No ligg Einar å pludrer på teppe ved siden av mamma. Han har akkurat ete ein stor posjon grøt og skal snart ut å sove i vogna. i dag tidleg snudde han seg for første gong frå rygg til mage og virker veldig fornøyd med å ver litt meir mobil.


Den forige veka har ikkje vore fult så koslig.

Alle untatt mamma har vore forskjøla. Einar har ikkje vore noko fornøyd. Det har blitt lite mat og søvn. No er alle på bedringensveg og me har hatt eit koslig besøk av bestefar.


Ingrid og pappa har stadige byggeprosjjekt med togbana. Ingrid nekter å køyre før alle skinnene er brukt opp. av og til må pappa gøyme den som blir til overs. Han meiner Ingrid ønsker seg meir brio tog til bursdagen.

tirsdag, januar 13, 2009

I nattens mørke..

... Forsvant smokken. Ingrid ga klart uttrykk for at det var veldig trist å legge seg uten smokken. Men etter ei stund la ho seg til med lovnader om at smokkefeen skulle komme å gje ho ei gåve i staden. Gleda var stor for det nye dataspillet som låg i smokkeesken i dag tidleg. I kveld la ho seg heilt uten å nemne smokken. Bamse derimot er fortsatt på plass.

Stor jente som snart skal klatre i kyrkjetårnet (når ho blir 3 år).

lørdag, januar 03, 2009

Godt nytt år!


Ingrid låg i senga si og sov heile nyttårsafta, mens mamma, pappa og Einar var i selskap ein etasje opp. Einar vakna til fyrverkeriet og følgte spent med, Ingrid ga ikkje frå seg ein lyd på babycallen og sov gjennom alt bråket som var rett utanfor vinduet sitt.

Ingrid fekk ski til jul av farmor og farfar. Det nye året kom med snø, så no har Ingrid trent og synes det er veldig kjekt... særlig å dette.