Tur til sukkertoppen 314 moh
Nettet har vore ute av drift ei tid, men no er det her sjølv om det er halv fart. Eg prøver meg med ei oppdatering:
17. mai. feira Ingrid og pappa med Gudstjeneste og tog, mens mamma sørga for at dei gamle damene vart pynta og fekk eggedosis.
Den 24. mai var pappa opp og ute av dørane før kl 7. Og mamma var nervøs! Litt over 9 var pappa tilbake og var stolt eigar av midlertidig førarprov. No venter han berre på at plastkortet skal komme i posten. Me måtte ha seremoniell avskilting av L som har hengt ganske permanent på bilen i det siste.