tirsdag, mars 22, 2011

søndag, mars 20, 2011

Våren er her!

Me har hatt vårfølelsen litt til og frå siden midt i januar, den fekk seg ein stygg knekk forrige veke då det kom masse snø i løpet av ei natt, men onsdag måtte mamma stoppe på veg heim frå jobb og ta dette bildet. Snøklokkene har endeleg kommet.



Så legg me til ein bonsusvideo av Einar, som ikkje vil høyre på at sitron er surt.


Å fjerne rosa

Me har no budd i huset vårt i litt over eit år. Då mamma var på visning, overhøyrde ho meklaren som sa at "dersom det hadde vore litt mindre rosa her, hadde taksten vore på 100.000 meir." Ja litt rosa var det, og allereie før me flytta inn, var eit soverom gått frå lys rosa, til grå/blått. Siden me brukte sommaren på å fornye vindfanget (som ikkje var rosa, men pastell grønt) har badet, vinduskarmane, ytterdører og verandarekkverk fått stått i fred. Men i helga fekk mamma ein overdose virketrang og badet stod for tur.

Pappa fekk den tvilsomme jobben med å få dusjkabinettet ut frå veggen, og etter litt demontering og plundring var løysninga enkelt, det var berre å dra det fram. No har badet gått frå rosa og gult til kvit og krem. Så no venter me berre på rørleggaren som skal komme å fikse den tette sluken vår, så kan me nyte det nye badet. Gulvet forblir rosa, det er det ingen ting å gjere med.


No manglar berre eit strøk

Me fekk tid til litt til i helga. Lørdag var det strålande vær og me reiste på Ørskogfjellet, med ski, pulk og boller. Ingrid er blitt ein reser på ski og kava seg opp alle bakkane på eigahand, mens Einar synes pulken er best. Det aller kjekkaste for Ingrid var å renne ned igjen med pappa,
superfort.

fredag, mars 04, 2011

Vintergleder

Nå som våren av og til melder seg så legger vi ut noen vinterbilder.
Først fra skitur på Ørskogfjellet sammen med Bjørg:
Deretter fra skitur på Kvikne med farmor og farfar og onkel og onkel:
Pappaen fikk pest mammaen opp til Furua, familiens stolte turmål. Jammen har ikke vegetasjonen rundt vokst seg større på alle disse årene.
... og så ble Einar syk igjen.
Syk, men søt (vel og merke når han IKKE skriker)...