mandag, desember 05, 2011

Først må me ha eit bilde av mamma sin bursdagsgåve. Heilt sida ho flytta heimafrå har takke stått på ønskelista og no har me plass til å oppbevare ho. Mamma starta forsiktig med sveler, men håper å kunne lære seg både lefse- og flatbrødbaking.


Så kom snøen, masse og våt, og denna morgonen måtte Ingrid og mamma ut av huset tidleg. Det vart ein spennande køyretur til legen: Fremmerholen står nederst på brøytelista, me er glade for at nybilen har antispinn. Legen fant fort ut det mamma mistenkte, feberen og hosten til Ingrid kom av lungebetennelse. Og siden resten av familien har hosta i 3 veker no var ho sikker på at me alle hadde mykoplasmainfeksjon. Ingrid får antibiotika me andre får berre vente til hosten går over. Mamma trur knerten held seg inne i påvente av rolegare tider, ho har iallefall aldri vore så gravid og folk er stadig forbausa når magen fortsatt er på plass.


I garasjen går det framover, isolasjonen er lagt og me står i vente kø for sement. Pappa har rivi litt meir, men må også vente på sementen. Me lurer litt på kor golvkaldt me får det når han tar taket i garasjen.


Me koser oss med advent, ungane har laga pynt med bestemor, mamma har fått 2 nye lilla duker, ungane konkurrerer om å tenne lys i adventsstaken og stjerna lyser opp i vinduet. Me venter litt med kakebakinga, kanskje det blir ein pappa og barn aktivitet? Julegaveprosjekter er avslutta og venter kun på avhenting. Trur det blir nokon som får romjulsgåver i år.

Ingen kommentarer: