Mamma har gått å nynna på ein Øystein Sunde sang i det siste, "kjekt å ha", då særlig strofa "og i hagen stod ei gravemaskin". Me har altså begynt å grave, dvs pappa har gravd og funne store steiner, dei største fekk han ikkje ut så dei måtte gravast ned. Då han kom litt ned oppdaga me at avløpsrøret frå taket hadde sprekt. No har me hatt rørlegger på besøk og nytt rør er lagt. Kanskje me snart kommet dei 30 cm ned og fått lagt på pukk.
No har det gått ei veke siden Einar vart operert, han fekk dren i øyret og fjerna falske mandler i svelget. Han har kommet seg fint og det var kjekt at farmor var her når han måtte vere heime frå barnehagen. Også kom farfar og onkel Trygve dei har gravd litt også og Trygve gjorde ein stor innsats for å få orden på strømmen.
1 kommentar:
Bra jobba Einar! Tenk å få ut de to store steinene med gravemaskinen din!
Legg inn en kommentar