Noko har me alt skreve om, som korsvei og seiling. Det skjedde faktisk meir, me har hatt vår lengste ferietur siden me fekk barn, nesten 4 veker på farten. Det starta med regn og gjørme, så då mamma og pappa vart innvilga noen dager for seg sjølv reiste dei etter værmeldinga og tilboda til coop hotellkupp. Først hadde me eit godt bad og ei god natt i villa Hildal Lund, med godt selskap i polvott. Me reiste til Karlstad, ein flott by vi deltaet til elva Klara. Me fekk flotte dager, med kanalbåter, bytråkking og severdigheter i byen der Norge vart fritt. Det var rørande å sjå blosmter lys og minnemarkering for terroren ved frihetsstatua til minne om den fredelege oppløsinga av unionen.
På veg heim tok me strømstadferga og kom til Sandefjord seint på kvelden. Då var det berre å kjøyre mot Nevlunghavn og sjå om me kunne finne ungane og bestemor og bestefar. Trur dei også hadde hatt flotte dager. Så passa me hus og nøyt solkysten, bada, spiste is, besøkte slekt og venner, me kom oss også opp på Brunlanes høgaste topp.
Kråkevika venta, med seiling, bading, båtturer og late dager. Når opphaldet gjekk mot slutten hadde me fortsatt ei veke igjen av ferien, me satte nesa nordover, stod i diverse trafikk køer, besøkte Amadeus og hadde noen fine dager i Soknedal hos familien Fossum. Det var godt å komme heim, og Julie savna Ingrid og alle savna senga si, men me rakk også ein tur til Overøye og Vaksvikfjellet før ferien tok slutt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar