
Ingrid låg i senga si og sov heile nyttårsafta, mens mamma, pappa og Einar var i selskap ein etasje opp. Einar vakna til fyrverkeriet og følgte spent med, Ingrid ga ikkje frå seg ein lyd på babycallen og sov gjennom alt bråket som var rett utanfor vinduet sitt.
Ingrid fekk ski til jul av farmor og farfar. Det nye året kom med snø, så no har Ingrid trent og synes det er veldig kjekt... særlig å dette.
1 kommentar:
Ho var jo reine reseren på ski, kan ikkje tenke meg at ho faller med mindre ho sjølv vil det.
Hilsen Hanne og Sola
Legg inn en kommentar