mandag, september 08, 2008

Glede

Ingrid er lykkeleg, for no er småbarnstreffa i gang og ho får leike med andre barn. Mamma er lykkeleg for Ingrid har fått barnehageplass frå desember. Einar er ikkje så lykkeleg, etter tur på helsestasjonen har Einar fått regler for amminga, ingen kosesutting, og det er ikkje lov å sove ved puppen. No prøver me å amme ved kvart måltid og det skal ikkje vare lengre enn ein halv time. Mamma håper at dette skal gjere susen og at pumpa skal bli arbeidsledig snart. Helsesøstra var fornøyd med vekta, Einar veg no 4305g.

Ingen kommentarer: