Dagane forsvinner fort utan heilt at eg veit kor dei vert av. I dag har eg følelsen av at eg kunne har fått rydda ut av oppvaskmaskina. Men når eg tenker etter har me gått tur til biblioteket og undervegs har Ingrid studert steiner, plukka blomster, åte bringebær, gått i grasset og klatra på benker, så det tok si tid.
Ingrid plukker stadig blomster til mamma, tar og drar hode av blomsten og kjem stolt med dei, dersom dei overlever turen heim får dei flyte i eit glass på kjøkkenbordet. Ingrid er berre stille når ho sover, resten av døgnet så prater ho eller synger. For tida er det veldig kjekt å gjøyme seg å bli funne igjen av pappa, helst på samme sted kvar gong. Ellers har ho stor omsorg for dokka og bytter bleie og synger nattasang for ho.
Ingrid har gjøymt seg bak døra
Einar har ikkje forstått korleis puppen verker og me bruker mykje tid på amming, pumping og på å gje flaske. Når han ikkje får mat søv han. Det er ikkje ofte han er vaken, men på kvelden hender det han har ein vaken halvtime, då koser me oss med å leike og særleg pappa er flink til å lokke smilet fram.
1 kommentar:
Ser at dine også vokser og at det ikkje bare er Hanne. Ja kor blir egentlig dagene av. Her forsvinner dei uten at eg har noen blomstrer å vise til.
Klem fra oss
Legg inn en kommentar