1. mai var været her ganske bra og me hadde planlagt tur. Detvar 4 barnefamilier som la ut på tur på Emblemsfjellet og pga barna som skulle gå hadde me beregna oss god tid opp bakkane. Men det vart fort dei gravide og dei som skøyv barnevogn som havna bakerst. Ungane hold god fart og trengte ingen bestikkelser for å komme fram til målet. Menyen var pølser på termos, kake, frukt og potetgull. Ingrid var strålende fornøyd med å gå å småspise heile pausen. Pappa tok på seg oppgåva med å underhalde dei litt støre ungane og det vart ein vill jakt/snøballkrig der det var alle mot Jon Ivar, men dei kalrte aldri å fange han.
i dag er det ryddedag, og pappa har tatt seg av rommet til Ingrid som var blitt eit lager for papir og ymse anna. Ingrid syntes det var gøy å hjelpe til, men vart sliten etterkvart og prøvde å legge seg i dokkesenga.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar