For mamma og Ingrid vart det ein lang juleferie, først var me og pappa i Trondheim å feira jul med farmor, farfar og onklane. Ingrid fekk opne pakker på ettermiddagen og sov frå resten av den koselige julefeiringa.
Jakob og Ingrid på aketur
Turen gjekk så innom Spjelkavik for å hente ski, Leikanger for å hente pulk for å ende i Hemsedal der det var nyttårsleir på KRIK høyfjellsenter, sammen med Merte, Jostein og Jakob. Det var ei triveleg helg og frista til gjentakelse.
Etter helga reiste me tilbake til Leikanger og satte pappa på ein buss heim. Me to som ikkje har så mange forpliktelser kunne ta ei lita veke ekstra ferie hos bestemor og bestefar. Siden oldemor og oldefar ikkje hadde reist heim enno vart det mykje oppmerksomhet til Ingrid.
Bestemor er i full gang med å pakke for flyttinga i februar, men klarte å finne den gamle dokkesenga og dokka til mamma.
1 kommentar:
Takk for en fin nyttårshelg sammen! Artig å se filmen! Klem
Legg inn en kommentar