Denne veka har pappa vore i kongens klær. Heimeværnet klarte seg ikkje uten han, sjølv om mamma har foten i gips. Pappa fekk derimot ein gunstig permisjonsordning som gjorde at familielivet fungerte. Ingrid har prøvd det harde barnehagelivet, med full veke og levering kl. 7 med matpakke til frokost. Litt slitsomt og litt kjekt. Einar gjekk heime med mamma, og syntes det var litt kjedlig i lengda. Gleda var stor då Magnhild kom på torsdag og tok han med på trille- og mate gakk-gakk tur.
Siden pappa skulle på konfirmanttur i helga, fekk Ingrid vere på ferie hos Magnhild, og mamman og pappan hennar. Me henta ho søndag ettermiddag, først måtte ho passe på at me kom inn slik at me kunne ete kakene ho hadde bakt. Etter litt var ho veldig klar for å vere med heim. Trur ho har storkosa seg, ho vil gjeren gjere det igjen. Einar var lykkleg når han fekk med seg In-ji heim.
Mamma har dei siste dagane gleda seg over snøfri hage, krokkusen som titter fram og at 14. april var 1. dag av sommersida på primstaven.
Så vakna me søndag morgen til eit kvitt teppe, og innen kvelden kom har det blitt 20 cm. Mamma er litt nedstemt. Pappa prøver å le av det hele...