onsdag, mai 23, 2007

Stor Takk!

Eg må seie tusen takk til alle som har hjelp oss med å passe Ingrid så me har komme i mål med oppgåver og eksamen!!!!

sidan sist

Mamma nermer seg sine 10.000 ord og har tid till ein liten oppsumering.
Ingrid er blitt ein reser på å gå, så no er det ingen fred her i huset.




Me har feira 17 mai, Ingrid synes å sjå på toget var kjedleg, men de var godt med masse god mat og lunch besøk av faddrane Liv Inger og Jørgen.





Solbjørg og mitt 20 års ekteskap fekk sin endelege avsluttning då ho sa ja til Stig og vart fru Ramsvik. Det var eit nydleg bryllaup bruden hadde sydd brudekjole, 5 brudepike kjoler og laga pynt til kyrkja. Forlovaren(meg) trenkte berre å halde tale og gjere bruda litt flau.

lørdag, mai 05, 2007

Test-tur




Farmor kom med den nye bæremeisen som var kjøpt på salg i Trondheim. Etter å ha fulgt farmor på flybussen og sove ein liten blund var Ingrid klar for test-tur. Først var det fløyebana opp der me nøyt utsikten, og smurte på solkrem.





Så bar det til skomakerdiket, for matpause og andejakt.





Så bar det videre oppover til Åasebu og ned til Fjellveien gjennom Skredderdalen.



Då me kom heim var pappa godt fornøyd med meisen, og mamma var glad ho berre hadde hatt hoftesekken å bære på.

Farmor!



Farmor har vore barnevakt for Ingrid på Torsdag og fredag. Dei har vore i open barnehage og gått trilletur, trur begge har kosa seg masse.






tirsdag, mai 01, 2007

Fjon



I helga har me vore på Navigatørtur på Fjon fjellkyrkje. Det har vore kjekt med skrive og lese fri for mamma og pappa. Masse sol, god undervisnig og godt fellesskap. Ingrid har kosa seg med stadig nye mennesker som gjev ho oppmerksomhet.


Pappa var veldig fornøyd med å få spille masse ut i dei seine nattetimer.

mandag, april 23, 2007

Oppgåve

Ingrid har tatt med pappa på trilletur, så mamma skal få skrive ro...... men kor er skrivelysta? Trur eg har skrivevegring! Gode råd mottakast med takk!

torsdag, april 19, 2007

Forbrytelse og straff

Ingrid er litt for glad i ting ho ikkje har lov å ta. Mens mamma hang opp klesvask i ettermiddag to Ingrid tak i duken, med den fulgt eit glas, eit te-fat, ein talerken og ein tekopp. Alt gjekk i golvet og knuste. Mamma fanga opp Ingrid og ho var like heil.




Medan pappa rydda, støvsugde leker og såg etter glasbråt vart forbrytaren satt i arrest i stolen. Der måtte ho sitte å sjå på at mamma lagde pannekakerøre.

onsdag, april 18, 2007

6

I dag gjekk Ingrid 6 små skritt heilt aleine

mandag, april 16, 2007

VARMT!

Eg har ingen bildebevis, men i går 15 april åt me grillmiddag ute i hagen hjå Liv Inger. Me satt med bare tær og slappa av etter ein heller svett tur.

lørdag, april 14, 2007

Prøvesmaking


Ingrid fekk ei ny leike av onkel Magnus. Kanskje den smaker godt?

torsdag, april 12, 2007

Påsketur






I Påska har me feira fødselsdager Ingrid sin 1 års dag, Petter sinne 15 år og Oldefar sine 85 år.




Dette vart gjort på hurtigruta,Trollfjord på veg sydover. Noen av oss var med heilt til Trondheim.


Sjå Ingrid, me er i taket

søndag, april 08, 2007

Kristus er oppstanden!

- JA, han er sannelig oppstanden!



tirsdag, april 03, 2007

1 år



I går hadde Ingrid fødselsdag og bestefar kom frå Leikanger for å vere med å feire. Onkel Kjetil, Liv Inger, Jørgen og Thomas André var også med og det var kaker og pizza på menyen. Fødselsdagsbarnet storkoste seg med å smake på pizzaen og begge kakene.



lørdag, mars 24, 2007

Vår i Bergen



Våren er kommet, krokkus og påskeliljer blomstrer, buekorpsa trommer og bergensarane har opplever to dager i strekk uten paraply. Me har lagt bak oss ei fantastisk veke med sol. I dag tok Ingrid med seg mamma og pappa på Fløyen. Dei voksne nøyt utsikta, Ingrid prøvde litt husking og på veg ned forbi skansen såg me årets første skilla.

torsdag, mars 22, 2007

Motorikk-oppdatering

Dette er en video av Ingrid, håper dere greier å spille den:

onsdag, mars 21, 2007

Gjere sjølv

Ingrid og mamma var aleine heime frå lørdag til søndag.
På lørdag gjekk me tur på fløyen med Liv Inger og Jørgen.

Ingrid er inne i ein periode der alt skal gjerast sjølv, her er det middagen som blir utforska.



onsdag, mars 14, 2007

Gratulerer med dagen Jakob


Jakob blir 1 år i dag!
Me gratulerer.

tirsdag, mars 13, 2007

Skulestart igjen


Mamma har begynt på skulen igjen, dette betyr at ho kan kose litt lengre om morgonen. Ingrid elsker å sitte midt mellom oss i senga og tippe fra side til side og kose. Mamma er litt meir tilstede enn pappa.


søndag, mars 04, 2007

Vinterferie







Me tok ein liten vinterferie i Trondheim hos farmor og farfar. Det var kjekt å teffe dei igjen, sjølv om dei akkurat hadde vore hjå oss.

Formålet var å sjå mykje til Jakob, Merte og Jostein. Merete var litt sjuk, men me fekk gjort mykje kjekt samen. Me var blant anna og huska og aka, Ingrid syntes det var sånn passe.

og ein til...

I dag er deler av tann nummer 9 observert. Dette er ein jeksel så me rekner med at det tar litt tid før den kjem heilt ut. Fleire er på veg...